Posts Tagged “glass”

Kvit lykke!

By |

Kvit lykke!

I eit nyoppussa kjøkken monterte vi glass over kjøkkenbenken. Her vart glasset montert med skruer i toppen og i ein u-profil i botnen. Det største glasset måtte delast i to pga. kranen, men dersom ein hadde tatt jobben med å demontere kranen kunne glasset ha vore levert i ein del. Også over komfyren vart det…

5. april 2016 – ein dag på verkstaden

By |

5. april 2016 – ein dag på verkstaden

I dag har Olaf Leon og Even arbeidd med solnedgangen.     Det er mykje arbeid med å finne dei fargane som gjev det rette uttrykket og som harmonerar godt med kvarandre. Ein må prøve og feile og prøve igjen. Dette er det siste partiet av glasmåleriet på veggen, men ikkje det siste som vert…

Johanneskapellet

By |

Johanneskapellet

Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje I samarbeid med kunstnaren Olaf Leon Roald skal vi produsere glaskunst til kapellet.         «Døgnet sine fargar» (Utdrag frå informasjonen som heng i kapellet) Kunstnar Olaf Leon Roald har sanka fargar frå himmelen! Frå soloppgang til solnedgang har kunstnaren henta fargar som vi kjenner att i løpet av…

Punkterte takvindu

By |

Punkterte takvindu

Ein flott dag i mars var det glass i to Velux takvindu som skulle byttast ut. Veluxvindua er produsert slik at når det skal byttast glass i dei kan dei takast ut, noko som gjer sjølve glasskiftet relativt enkelt. Utfordringa er dersom dei er montert høgt under taket eller at dei er av ein viss…

Knust enkeltglass

By |

Knust enkeltglass

I dei tidligare lokala til Møbelgaarden i Storgata var eit av fasadevindua knust. Dette var eit enkeltglass med bue i toppen.

Brannvindu på Nor Lines-terminalen

By |

Brannvindu på Nor Lines-terminalen

Inne på terminalen til Nor Lines på Flatholmen leverte og monterte vi på oppdrag for PEAB/K. Nordang AS eit brannvindu i aluminium frå Morad. Eit brannvindu er veldig tungt på grunn av oppbygginga ein må ha for at vinduet skal kunne motstå ein brann. Dette vinduet er produsert for å skulle stå imot varme og…

Kiwi Kverve

By |

Kiwi Kverve

I 2015 leverte og monterte vi, med god hjelp av Team Montering, to skyvedører, ei slagdør og eit fasadeparti på Kiwi Kverve på Ellingsøya. Det var PEAB/K. Nordang AS som var entreprenør på denne utbygginga. Skyvedørene er levert med Dorma skyvedørsautomatikk.

Liten aluminiumsfasade

By |

Liten aluminiumsfasade

I Brusdalsvegen har vi levert og montert ein liten aluminiumsfasade.   Her var det tidligare kun vindu, men på grunn av ombygging av lokala skulle her i tillegg vere ei dør. Fasadepartiet kjem frå Morad i Polen. Vi håper kunden og Scrapomania er fornøgde med resultatet!

Ganske stort trevindu på Sjøholt!

By |

Ganske stort trevindu på Sjøholt!

I dag monterte vi eit relativt stort trevindu frå H-vinduet Bauge. Vinduet var 465 kg. tungt og blei krana opp på verandaen. Deretter var vi seks personer for å løfte vinduet inn i åpninga i veggen. Godt hjulpne av Frode m.fl. frå Urke & Madsen AS og huseigar. Dette var eit trevindu med trelags energispareglass,…

Kitting

By |

Kitting

Har du gamle vindu som treng nytt glass eller berre ny kitt så ordner vi dette.

Go Top