Dersom du har eit isolerglass som er knust eller punktert, men karmen ellers er heilt fin er den beste løysinga å bytte berre glasset.

Vi kjem heim til deg og tar mål av glasset, deretter får du eit uforpliktande tilbud på å bytte dette. Om du bestemmer deg for å godta tilbodet vil vi sette glasset i bestilling hos isolerglassprodusenten. Vanligvis bestiller vi dette frå Saint-Gobain Bøckmann.

Leveringstida varierer utifrå kva type glass ein skal ha. Even hos oss er autorisert glassrådgjevar og vil anbefale det glasset han meiner passer best for dine behov. Type energispareglass, sikkerheit, solkontroll etc.

Dersom du ønsker du det monterer vi glasset når det er kommet til vårt lager. Tida det tar frå det gamle glasset vert tatt ut til vi har det nye glasset på plass i karmen er kort og medfører lite rot.