Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje

I samarbeid med kunstnaren Olaf Leon Roald skal vi produsere glaskunst til kapellet.

Nokre få av dei over 3000 standardfargane som vi har å velge mellom.

Nokre få av dei 1200 standardfargane som vi har å velge mellom.

 

 

 

 

«Døgnet sine fargar»
(Utdrag frå informasjonen som heng i kapellet)

Kunstnar Olaf Leon Roald har sanka fargar frå himmelen!

Frå soloppgang til solnedgang har kunstnaren henta fargar som vi kjenner att i løpet av dagen og livet. Glaset er blåst og tilverka i Tyskland, og kvart stykke er heilt unikt. Vi trur denne utsmykkinga vil gje nye opplevingar, nye stemningar, og opne opp for det du bring med deg til kapellet. Kapellet er der for glede og sorg, for fest og klage, for dei små og dei store. Fargane drar himmelen nærare til oss!

Heile rada av vindauge blir dekka av farga glas. Nokre mørke, andre lyse. Frontvindauge blir eit korsmotiv med dei fargane vi ser midt på dagen. Fargane vil også variere etter årstida.

Kapellet vil få ein ny dimensjon – sterkare og meir givande. Fargane skal vere gode å kvile auga på, og du blir invitert inn i noko større.